Klar for nye utfordingar? Vi treng deg på Brønnøysundregistra
Brønnøysundregistrene
Brønnøysund
Klar for nye utfordingar? Vi treng deg på Brønnøysundregistra
Arbeidsgiver
Brønnøysundregistrene
Stillingstittel
Klar for nye utfordingar? Vi treng deg på Brønnøysundregistra
Frist
22.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Klar for nye utfordingar? Vi treng deg på Brønnøysundregistra
Om stillingaI avdeling registerforvaltning får du moglegheit til å bli kjend med offentleg sektor gjennom saksbehandling og andre arbeidsoppgåver retta mot norsk næringsliv og frivillig sektor.Vi treng deg som har lyst til å ta del i ein travel arbeidskvardag der omstilling og endring gir oss spennande oppgåver og utfordringar.Du skal vere ein pådrivar for forenkling for brukarane våre. Du skal jobbe med saksbehandling, rettleiing og vidareutvikling av registera våre.Arbeidsoppgåversaksbehandling og oppgåver med betydeleg innslag av skjønnsvurderingarrettleiing internt og eksternt i fleire kanalardelta i prosjekt eller produktteam og i anna utgreiings- og utviklingsarbeidKvalifikasjonarDu må hautdanning frå høgskole/universitet på bachelornivå eller høgarerelevant praksis kan kompensere for noko av utdanningskravetdigital kompetansegode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg, både på norsk og engelskDet er fint om du også harrelevant arbeidserfaring gjerne frå offentleg sektorerfaring med prosjekt- og utviklingsarbeidutdanning innan økonomiske, administrative, samfunnsvitskaplege eller juridiske fagområdePersonlege eigenskapardu må samarbeide godt med andredu må vere sjølvstendigdu må ha god arbeidskapasitet og eigarskap til eigne arbeidsoppgåverdu må vere løysingsorientert og positiv til nye utfordringardu må vere kvalitets- og resultatorientertVi tilbyreit godt arbeidsmiljø med uformell tone og stor vilje til å skape noko samaninteressante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreggode moglegheiter for kompetanseheving og fagleg utviklingfleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatlivgodt og rimeleg kantinetilbod og godt utstyrt trimrommedlemskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/) som er ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningarhjelp til å skaffe bustadStillinga er fast og lønna som førstekonsulent med årslønn frå kroner 466 600 - 575 400, avhengig av kvalifikasjonane dine. Prøvetida er seks månader.Inkludering og mangfoldInkludering og mangfald er ein styrke og vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkaren oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.Vi oppmodar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssa i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.GenereltBrønnøysund er ein hyggeleg liten kystby sør på Helgeland med korte avstandar til jobb, fritids- og servicetilbod, og har gode kommunikasjonsmoglegheiter nord- og sørover. Brønnøy kommune tilbyr gratis barnehageplass og SFO til tilflyttarar. Ordninga gjeld fram til 31.12.2023.For deg som er glad i naturen er Brønnøysund ein perfekt base for å kome seg ut. Det er kort veg til flotte opplevingar på land, i fjellet og skjergarden. Det er to treningssenter i byen, fleire idrettslag og vi har Nordland sin største klatrehall. Her er det små restaurantar med god, kortreist mat og kaffibar med kunstutstilling for å nemne noko. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedd om å ikkje bli oppført på søkarlista, men du vil bli varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følge.Du må laste opp relevante vitnemål og attestar for å bli vurdert som søkar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen på Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse/NOKUT. For meir informasjon sjå her (http://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet).
Om arbeidsgiveren
Brønnøysundregistera utviklar og driv digitale tenester som gjer kontakten med det offentlege enklare for alle. Vi driv mange av landet sine viktigaste register og har 430 medarbeidarar.Dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også medarbeidarar i Narvik og Oslo.
Sektor
Offentlig
Sted
Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
Bransje
IT,
Organisasjoner,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Sigrid Dybvik Langfors
Telefon
41 10 54 14
Kontaktperson
Liv-Astrid Bang
Telefon
95 25 23 89
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Brønnøysundregistrene
Følg firma
105 følger dette firmaet
Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto