Assisterande rektor
None
Ørsta
BeskrivelseVed Hovden skule er det ledig stilling som assisterande rektor frå 1.1.2024. Moglegheiter for tidlegare tiltreding kan avtalast. Skulen er ein 1-7 skule som har om lag 100 elevar og 20 tilsette. Administrasjonsressursen ved skulen vil vere omlag 170% fordelt på rektor, assisterande rektorar og merkantil. Skulen er ein av i alt sju kommunale skular i Ørsta kommune, og er organisatorisk plassert under Oppvekst, kultur og inkludering. Hovden skule er praksisskule med Høgskulen i Volda.ArbeidsoppgåverAssisterande rektor skal støtte rektor i det pedagogiske, faglege og administrative arbeidet ved skulen slik at skulen vert driven etter gjeldande plan-, lov- og avtaleverk. Arbeidsoppgåver vil vere dagleg drift av skulen som t.d. bemanning og personalarbeid, organisering av undervisninga, timeplantekniske endringar og ulike andre administrative oppgåver. Utviklingsarbeid og samarbeid med SFO vil kunne bli lagt til stillinga. Det ligg også undervisningsoppgåver til stillinga.Assisterande rektor fungerer som rektor i rektor sitt fråvær.Ta kontakt med rektor Annelin Wangen for meir informasjon om Hovden skule og arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga. Telefon: 91 24 84 76 e-post: annelin.wangen@orsta.kommune.noKvalifikasjonarGodkjend lærarutdanning og praksis frå grunnskulenDet er ønskjeleg med leiarerfaring, men personlege eigenskapar vert også vektlagde. Vi vil vektlegge at assisterande rektor har god digital kompetanse. Den som vert tilsett må kunne nytte dei IKT-verkty som Ørstaskulen disponerer i tillegg til Google apps for Education, m.a. timeplanlegging, innhenting og innmelding av opplysningar i PAS og UBAS, mm. Opplæring vert gitt, men ein må vere innstilt på å orientere seg på eiga hand. Personlege eigenskaparhar gode samarbeidsevner og er løysingsfokusert er kreativ og tek initiativ til pedagogisk utviklingsarbeid er engasjert og har evne til å inspirere andreer systematisk og har føresetnader for å bidra til god ressurs- og økonomistyringkan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig Vi tilbyrUtfordrande arbeidsoppgåver i eit solid fagmiljø med dyktige medarbeidarar. Kompetanseheving og utvikling gjennom arbeid i nettverk. Deltaking i det overordna utviklingsarbeidet for Ørstaskulen i dei kommunale skuleleiarmøta. Stillinga er plassert i kapittel 4 med stillingskode 7954 - assisterande rektor. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i SPK. Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Her kan du lese meir om heiltidskultur i Ørsta kommune. Elles: Referansar vert nytta, og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Den som vert tilsett i stillinga må leggje fram godkjend politiattest. Ved tilsetjing skal det leggjast fram rettkjend dokumentasjon av vitnemål og attestar. Desse dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Om offentleg søkjarliste I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.KontaktinformasjonAnnelin Wangen, rektor, 91 24 84 76, annelin.wangen@orsta.kommune.noArbeidsstadAnders Hovden-gata 46150 ØrstaNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4715460131Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 26.10.2023
Anders Hovden-gata 4, 6150 ØrstaStort kartHybridkartFlyfoto