Gruppeterapeut/ behandler
None
Ålesund
BeskrivelseEr du vår nye gruppeterapeut i Poliklinikk TSB Ålesund?Vi er i ferd med å vidareutvikle vårt gruppetilbod i Poliklinikk TSB og søker etter deg som ønsker å jobbe i gruppe og individuelt, og som har interesse og motivasjon for fagutvikling og kompetanseheving i eit tverrfagleg miljø. Du vil få moglegheit til å vere med å vidareutvikle og bygge opp gruppetilbodet som seksjonen tilbyr. Stillinga er ei behandlarstilling som inneber pasientbehandling både i gruppe og individuelt. Kva stillingstittel ein får, vil vere avhengig av kva utdanning/ bakgrunn ein har. Poliklinikk TSB Ålesund er ein poliklinikk i Avdeling for Tverrfaglig spesialisert rusbehandling i Helse Møre og Romsdal HF som består av ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette som gir tilbod til pasientar med avhengigheit til rusmiddel, vanedannande medikament, anabole steroider og spel. Vi tilbyr både individuell behandling og behandling i gruppe. Vi gir også tilbod til pårørande. Vi er for tida 22 tilsette i seksjonen med medisinskfagleg, psykologfagleg og helse- og sosialfagleg bakgrunn.Har du lyst på ein spennande og variert arbeidskvardag søker vi deg!ArbeidsoppgåverVere med å drive gruppetilbodet i seksjonenKoordinerings - og behandlingsansvar for pasientar med avhengighetsproblematikk Kartlegge, utgreie og delta i diagnostisering og behandling i pasientforløpTett dialog med pasientar, pårørande, tilvisarar og aktuelle samarbeidspartnararBidra aktivt inn i det tverrfaglege behandlarteametVere ein aktiv bidragsyter i vår faglege utvikling av gruppetilbodet i seksjonenKvalifikasjonarBachelor i helse- og sosialfag, fortrinnsvis med klinisk vidareutdanning eller annan relevant vidareutdanningPsykolog/psykologspesialist er også relevant kompetanse for den aktuelle stillingaØnskeleg med erfaring innan gruppebehandling og rus/psykiatriPersonlege eigenskaparGod kunnskap i norsk, både skriftleg og munnleg framstillingsevneGode samhandlingsevnerFleksibilitet og engasjementBidreg positivt inn i arbeidsmiljøet på seksjonenAt ein er personleg eigna til stillinga vert vektlagtVi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårKontaktinformasjonAnn Helen Eilertsen Midtlid, Seksjonleiar, 91851829, ann.helen.eilertsen.midtlid@helse-mr.noArbeidsstadVestmoa 276018 ÅlesundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4712785372Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 22.10.2023
Vestmoa 27, 6018 ÅlesundStort kartHybridkartFlyfoto