Elevkoordinator
None
Sandsli
BeskrivelseSandsli vidaregåande skule har om lag 560 elevar og 70 tilsette. Skulen ligg sentralt i Ytrebygda bydel med god offentleg kommunikasjon. Programområda våre er studiespesialiserande og restaurant og matfag, og vi har både tilrettelagt opplæring og vaksenopplæring. Sandsli vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Sandsli vgs er kjend for godt skulemiljø, og resultata i ulike undersøkingar viser høg trivsel blant elevane, og at svært mange elevar får ei god fagleg utvikling.For meir informasjon om skulen sjå https://www.sandsli.vgs.no/Om elevtenesta på Sandsli vgsElevtenesta ved skulen vil bestå av elevkoordinator, rådgivarar, miljøterapeut, miljøarbeidarar, helsesjukepleiar og skulepsykolog og skal bidra til at elevane får eit godt opplæringstilbod i eit trygt og godt skulemiljø.Elevkoordinatoren vil ha ansvar for å utvikle og koordinere elevtenesta sitt arbeid for eit trygt og godt skulemiljø.Skulen har behov for ein elevkoordinator frå 01.01.2024ArbeidsoppgåverFørebyggjande arbeid - etablera tiltak som auker trivsel og styrkar miljøet på skulen.Kontaktskapande arbeid - stimulera elevane til til aktiv deltaking i skulesamfunnet.Sosialpedagogisk arbeid - hjelpa elevar til å finne seg til rette på skulen.Samarbeidskapande aktivitetar internt på skulen og med eksterne aktørarKvalifikasjonarDet er krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. Opplæringslova.Evne til å sette seg inn i lov- og avtaleverk.God profesjonsfagleg digital kompetanse.Relevant erfaring få tilsvarande arbeid er ønskjeleg.God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.Personlege eigenskaparDu set elevane si læring, trivsel og gjennomføring fyrst.Du er tydeleg , trygg og open.Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.Du er utviklingsorientert har god gjennomføringsevne.Du trivast med å planlegge og organisere ulike oppgåver.Du er systematisk, nøyaktig og løysningsorientert.Vi tilbyrEit trygt og godt arbeidsmiljø.Ein skulekultur prega av mangfald og engasjement.Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.KontaktinformasjonBengt Håkon Lund, rektor ArbeidsstadSandslimarka 515254 SandsliNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4719711831Stillingsprosent: 55%FastSøknadsfrist: 27.10.2023
Sandslimarka 51, 5254 SandsliStort kartHybridkartFlyfoto