BeskrivelseOm stillingaRadøy ungdomsskule har frå 16.10.23 ledig 80-100% fast stilling som assistent/barne- og ungdomsarbeidar. Radøy ungdomsskule er sentralt plassert på Manger, eit av kommunesentera i Alver kommune. Skulen vår ligg like ved Radøyhallen og Grønålen fotballbane. Vi har omlag 190 elevar og 27 tilsette. Som ein MOT-skule, er visjonen vår «saman for læring og trivsel». Vi set trivsel og ein trygg skulekvardag for alle i fokus.Våre satsingsområde er lesing i alle fag, skulemiljø og elevmedverknad. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle organisasjonen vår gjennom felles refleksjon om eigen praksis.ArbeidsoppgåverSom assistent/barne- og ungdomsarbeidar hjå oss vil du ha ei avgjerande rolle i å sikre at alle ungdommar trivst og kjenner seg trygge, samtidig som du fremjar eit sterkt fellesskap prega av inkludering.Du vil ha ansvar for å følgje strukturerte dagplanar, samtidig som du tar initiativ til spennande aktivitetar som inspirerer ungdommane. Vi ønskjer at kvar einaste dag skal gi ungdommane læringsutbytte og meistring, og du vil vere med på å leggje til rette for akkurat det.Ein stor del av di rolle vil vere ha ansvaret for å følgje opp elev med behov for kommunikasjon på teiknspråk.KvalifikasjonskravDen som vert tilsett må ha teiknspråkkompetanse. Personlege eigenskapar:Vi søkjer deg som er flink til å samarbeide med kollegaer, foreldre og andre involverte for å skape eit trygt og inkluderande fellesskap for elevane. Ditt positive syn på elevane og fokuset på inkludering, er ein viktig eigenskap.Du har god evne til å organisere og planlegge arbeidsoppgåver på ein effektiv måte, noko som bidrar til ein godt strukturert og føreseieleg kvardag for elevane.God relasjonskompetanse er ein viktig eigenskap. Du har evna til å bygge sterke band med elevane, lytte til deira behov, vise empati og skape ein støttande atmosfære. Dette gjer at elevane føler seg trygge, sett og ivaretatt.Med din fleksibilitet, positive innstilling og løysingsorienterte tilnærming, er du ein ressurs når utfordringar må handterast. Du er trygg i møte med nye oppgåver og er interessert i å lære og utvikle deg i møte med nye kompetansekrav. I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltredeVi tilbyrKursing innan teiknspråkkompetanseSpanande jobb med gode vilkår for fagleg utviklingLøn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring. Dedikerte, engasjerte og positive kollegaerGod pensjonsordning i KLP
Idrettsvegen 15, 5936 MangerStort kartHybridkartFlyfoto