Barne - og ungdomsarbeidar
None
Evanger
BeskrivelseHar du lyst å bu og jobba i skibygda Voss? Vil du være med å bidra til ein kjekk og inspirerande kvardag? Hjå oss blir du ein del av ein engasjert gjeng, som finn på mange morosame, lærerike prosjekt og aktivitetar. Visjonen vår er: "Me kan få til da umulige i lag med dei utrulige"Ved Evanger barnehage er det ledig 100% vikariat som fagarbeidar/assistent fram til sommaren 2024, med moglegheit for fast stilling. Dersom den blir ledig som fast stilling kjem me til å lysa på nytt, og kandidaten kan då søkje på denne. Du treng ikkje å ha jobba i barnehage frå før, men me ynskjer deg som er motivert og glad i å jobba med born.Om barnehagen: Evanger barnehage er ein avdelings kommunal barnehage lokalisert like ved Evanger sentrum. Barnehagen heldt til i oppussa lokale i ein tidligare aldersheim. Barnehagen har gode leikeområde både inne og ute, og i tillegg eit flott nærområde som vert flittig nytta heile året. Hjå oss blir du ein del av ein engasjert gjeng, som finn på mange morosame, lærerike prosjekt og aktivitetar.Tidsrom: Snarast - 31.07.2024Arbeidsoppgåver:Planleggja og gjennomføra leiker og aktivitetarHjelpa til med daglegdagse gjeremål som måltider, påkledning og stellVere ein god leikekamerat og bidrar til at borna får rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehagenKvalifikasjonar:Fagbrev i barne - og ungdomsarbeidAndre søkjarar kan verte vurdertDet er ynskjeleg at du har erfaring med bornPersonlege eigenskapar:Tydeleg og engasjert vaksenpersonEin trygg og varm rollemodellFokus på barnas besteKunne skapa gode relasjoner med både born, foresatte og tilsetteBlid og omgjengeleg og ein lagspelarFleksibel, engasjert og er løysingsorientertKan jobbe sjølvstendigKan beherske norskMenn vert oppmoda om å søkja.Me tilbyr:Gode vilkår for fagleg utviklingEin innhaldsrik kvardag med utfordringar og moglegheiter til å bruka deg sjølvMykje humor og gledeEit godt tverrfagleg og sosialt miljøYrkesskade- og gruppelivsforsikringGode pensjonsordningarLøn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Harabåsen 34, 5707 EvangerStort kartHybridkartFlyfoto