Psykologspesialist Psykiatrisk akuttmottak
Helse Bergen
Bergen
Psykologspesialist Psykiatrisk akuttmottak
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykologspesialist Psykiatrisk akuttmottak
Frist
17.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Psykiatrisk akuttmottak (PAM), i dag lokalisert på Sandviken, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk. Divisjon Psykisk helsevern. Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. PAM har øyeblikkelig hjelp-ansvar for sjukehusfunksjon innan psykisk helsevern for vaksne i heile opptaksområdet til Helse Bergen. Tilbodet i PAM består i dag av to sengepostar med 10 senger kvar som tilbyr akutt psykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie til personar over 18 år. Opphald i PAM er av kort varigheit, pasientar blir etter endt opphald overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. Psykiatrisk klinikk har lagt til rette for samarbeid og faglege drøftingar. Det er høg kompetanse ved klinikken og fleire av dei tilsette har ulike vidareutdanningar,.Det er regelmessig internundervising, faste faglege forum/spesialistforum der faglege problemstillingar og pasientforløp blir drøfta.PAM er i ei spennande utvikling med planar for etablering av eit felles mottak for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i Årstadhuset på Haukeland i 2027/2028.Vi har no ledig 100% fast stilling som psykologspesialist ved PAM. Du vil jobbe tett i tverrfaglege team saman med psykiater, lege i spesialisering, psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar og sosionom. Aktuelle kandidatar må ha vedtakskompetanse etter psykisk helsevernloven og personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver
Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike lidingarHandtere tvang i samsvar med lovverketMedverke til å utvikle eit trygt og godt fagleg felleskap Rettleiing og kunnskapsformidling internt og eksterntSamarbeid i tverrfagleg team
Kvalifikasjonar
Psykologspesialist med vedtakskompetanse i henhold til psykisk helsevernloven Erfaring frå spesialisthelsetenesta Erfaring frå tverrfagleg samarbeid internt og eksterntErfaring med døgnbehandlingErfaring med forbetringsarbeid
Personlege eigenskapar
Du er prosess- og løysingsorientert Du skapar gode relasjonar og samhald Du er inkluderande og involverande Du tåler å stå i krevande situasjonar Du arbeider planmessig og strukturert Du kan ta avgjerder som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbode
Vi tilbyr
Fagleg og personleg utvikling i eit arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidararKrevande og spennande arbeidsoppgåver Lønn etter avtaleMangfaldserklæringVi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog
Nøkkelord
Psykologspesialist,, Psykiatrisk, akuttmottak,, PAM,, Psykiatri
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Merethe Fosse
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
97 07 07 53
Send melding
Kontaktperson
Brede Aasen
Stillingstittel
Klinikkdirektør
Telefon
55 95 87 79
Søk her
Følg firma
2087 følger dette firmaet
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto