Vedlikehaldsingeniør
None
Hovdebygda
BeskrivelseTussa EnergiTussa Energi har ansvaret for planlegging, utbygging og drift av energiproduksjonsanlegg i Tussakonsernet. Selskapet driftar i dag 29 vasskraftverk og har 1 under utbygging. I tillegg til vasskraftproduksjon driv Tussa Energi AS eit biobrenselanlegg. Fjernvarme frå Ørsta Eldhus forsyner 16 bygg i Ørsta sentrum med varme.Om stillingaVi leitar etter ein engasjert, handlekraftig og strukturert medarbeidar som viser engasjement, tek initiativ og deler erfaring. Du samarbeider gjennom involvering, er raus og har godt humør.Den nye medarbeidaren vil bli ein del av avdelinga vår for kraftverksdrift som består av 10 kompetente medarbeidarar.Viktige arbeidsoppgåver vil vere:Planlegge og utføre vedlikehaldsoppgåver innan kraftverksdriftPådrivar i arbeidet med kontinuerleg forbetring og digitaliseringKontakt med eksterne leverandørar og oppfølging av leveransarPlanlegge og utføre lovpålagte tilsyn og revurderingar av vassdragsanlegg saman med VTAInteresse for digital utvikling og overvakingKvalifikasjonarIngeniør eller teknisk fagskule innan mekaniske fag. Kandidatar med relevant fagbrev og erfaring vert også oppmoda om å søkje. God kompetanse i bruk av dataverktøy (vedlikehaldsprogram m.m)Gode norsk- og engelsk-kunnskapar, skriftleg og munnlegFysisk form til å ferdast i vårt alpine terrengFørarkort klasse BAv omsyn til kjønnsbalansen i selskapet oppmodar vi kvinner til å søkjePersonlege eigenskapar vil bli vektlagdeVi tilbyrInteressante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt energi- og kommunikasjonskonsernEit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivselGode velferds-, pensjons- og forsikringsordningarKontaktinformasjonFleire opplysningar om stillinga får du på telefon 916 96 095 hos avdelingsleiar kraftverksdrift Svein Vassbotn
Langemyra 6, 6160 HovdebygdaStort kartHybridkartFlyfoto