Pedagog
Jærmuseet
Nærbø
Jærmuseet si avdeling Vitengarden søker
Arbeidsgiver
Jærmuseet
Stillingstittel
Pedagog
Frist
29.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Stiftinga Jærmuseet
Pedagog
VitengardenVitengarden er eit kombinert vitensenter og museum på Nærbø - midt i matfatet på Jæren. Avdelinga har årleg ca 50 000 besøkande, kor ca 17 000 av desse er barn og unge i organisert formidling.På Vitengarden kan du læra ved å gjera. Interaktive utstillingar ute og inne fortel om landbruket på Jæren, moderne matproduksjon, energi, teknologi og natur. Opplev museumsgarden med levande husdyr og eit gardsmiljø frå 1950-talet med gjess, hester, høns, kyr, grisar og sauer. Her får du hoppa i høyet, produsera biogass, konkurrera mot robot i ostepakking, stå imot orkanen i vindmaskina og mykje meir.Gjennom året har Vitengarden fleire temadagar med mange aktivitetar. Du kan lesa meir om Vitengarden her. (https://www.jaermuseet.no/vitengarden/)Formidlinga vårJærmuseet skal formidla kunnskap og forståing gjennom oppleving, deltaking og utforsking. Formidlinga i Jærmuseet skal opplevast som relevant, aktuell og utfordrande.Prinsippet "å læra ved å gjera" ligg til grunn for pedagogiske opplegg frå Jærmuseet. Målet med dette er å knyta saman teoretisk og praktisk erfaring, og å inspirera til undring, engasjement og refleksjon. Me vil gje læringsopplevingar som skil seg frå skulekvardagen. Formidlingsopplegga våre er knytt til realfag, historie og gardsdrift, og gjerne ei blanding der alle desse fagområda og meir til er med. Døme på desse kan vera: Regnbogekjemi, potetsetjing og -opptak, dyra på garden, livet i vatnet, fornybar energi, byggeskikk eller "kven har bæsja?".StillingaPedagogen skal ha hovudansvar for formidling til barnehagar som kjem på besøk, men skal òg formidla til andre typer grupper. Det kan vera alt frå grunnskule til pensjonistgrupper eller ei bedriftsgruppe som vil ha omvising. Som tilsett i Jærmuseet vert du fort ei potet, som tek i eit tak der det oppstår eit behov.Formidlinga vår skal vera eit supplement til barnehage og skule. Me har fokus på stor grad av praktisk læring og utforsking. Formidlingsopplegga våre passar godt inn i rammeplan for barnehage og læreplan for skule.Pedagogen vert ein del av teamet på Vitengarden kor alle jobbar i lag for å skapa ei god oppleving for gjestene våre, i eit triveleg miljø. Totalt er det fem pedagogar på avdelinga, men nokre har stillingar som er delt med andre avdelingar.Jærmuseet har ein strategiplan (https://www.jaermuseet.no/wp-content/uploads/2010/07/STRATEGIPLAN-2014-2020_rullering-2017.pdf) som omtalar temaa våre.ArbeidsoppgåverDrive formidling primært til barnehagarFormidla både realfag og historieFormidla til, og ta imot, alle typer gjesterUtvikla og vidareutvikla undervisingsoppleggBidra til dagleg drift og ettersyn av utstillinganeBidra i prosjektarbeid, til dømes utstillingsprosjektMå kunne bidra på nokre arrangement og publikumsaktivitetar på kveldstid og i helgerBidra med kompetanse og erfaring på tvers i JærmuseetKvalifikasjonskrav og eigenskaparUtdanning som barnehagelærarLike praktisk undervisningVerdsetja leikande didaktikkStor interesse for dyr, landbruk og matInteresse for realfag og historieKunne formidla på norsk og engelskTrivast med ein hektisk arbeidskvardagKunne arbeida sjølvstendig og i teamVera serviceinnstilt og fleksibelFørerkort klasse BAlle tilsette må levera godkjent politiattest før tilsetjingJærmuseet ønskjer mangfald i staben, og alle kvalifiserte personar vert oppfordra til å søkja, uavhengig av kulturell bakgrunn, alder og funksjonsevne. Det vil verta lagt vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna til stillinga.Jærmuseet tilbyrFast 100 % stillingEin variert og til tider travel arbeidsdag, i eit triveleg miljøSpanande formidlarrolle på ein arbeidsplass i stadig utviklingHøve til fagleg og personleg utviklingGod pensjonsordningFleksibel arbeidstidLøn etter avtaleKollegiet på VitengardenPå Vitengarden vil du jobba i lag med ein flott gjeng av ulike menneske med mykje kompetanse og mange interesser. 14 personar har sin daglege arbeidsplass på Vitengarden. I tillegg vil du treffa på fleire tilsette som jobbar andre stader i Jærmuseet, men som òg brukar noko av tida si på Vitengarden.Staben på Vitengarden har utanom avdelingsdirektør og pedagogar, kokkar, reinhaldarar, teknikar, butikk- og resepsjonsansvarleg, gardsstyrar som òg er vaktmeister og avløysar. I tillegg har me nesten 20 ungdommar som er vertar i helgene, på arrangement og når me treng ekstra ressursar. Denne kombinasjonen av folk gjev oss ein unik arbeidsplass og eit godt arbeidsmiljø.Vil du vite meir om stillinga?Ta kontakt med avdelingsdirektør på Vitengarden:Helene Østby LarsenTelefon: 45 25 48 17E-post: hl@jaermuseet.no
Om arbeidsgiveren
Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet.Museet har ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar, i tillegg til det omreisande vitensenteret Science Circus.Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi. Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar."Å samkøyra formidlingskonsept som har utgangspunkt både i vitensentera og musea sin kompetanse og formidlingstradisjon, er gjort med stort hell mellom anna på Jærmuseet, der dette òg er organisatorisk samkøyrt i same institusjon. Kulturdepartementet ser gjerne meir utveksling mellom vitensenter og museum, der dette er naturleg, i tida som kjem." Meld. St. 23 (2020–2021) Musea i samfunnet — Tillit, ting og tidJærmuseet har årleg eit samla besøk på ca 200.000.
Sektor
Privat
Sted
Kviavegen 99, 4365 Nærbø
Bransje
Event og arrangementer,
Kunst og kultur,
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Førskolelærer,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Helene Østby Larsen
Stillingstittel
avdelingsdirektør
Telefon
45 25 48 17
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Stiftinga Jærmuseet
Følg firma
90 følger dette firmaet
Kviavegen 99, 4365 Nærbø
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto