Butikksjef
Vinmonopolet
Flekkefjord
Butikksjef
Arbeidsgiver
Vinmonopolet
Stillingstittel
Butikksjef
Frist
26.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med A/S Vinmonopolet
Butikksjef
Til vår butikk i Flekkefjord søker viSERVICEINNSTILT, INSPIRERANDE OG RESULTATORIENTERT BUTIKKSJEFI Vinmonopolet er vi opptatt av det beste kundemøtet. Våre tilsette skal vere kjende for høg kompetanse og god service.Vi ser etter ein leiar som er lidenskapelig opptatt av kundeservice, og som har evne til å utvikle og inspirere sine medarbeidarar. Saman skal de skape gode resultat i eit raust, solid og dynamisk arbeidsmiljø.Ønska kvalifikasjonar:Utdanning og kompetanse innan økonomi, service og leiingGod digital kompetanseResultatorientert, med god forretningsforståing og gjerne erfaring frå butikkdriftUtprega god på planlegging og gjennomføring av arbeidsoppgåver og aktivitetar i tråd med butikken og selskapet sine strategiar og målsettingarErfaring med leiing og utvikling av teamLevande opptatt av kundeservice og det å gi det aller beste kundemøtetSterk lagspelar og relasjonsbyggar med gode kommunikasjonsevnerVi stiller høge krav til leiarane våre, og du må kunne kjenne deg igjen i leiarprinsippa våre: inspirere og involvere, balansere, utvikle og utfordre.Dersom du i tillegg er interessert i mat og drikke, og med iver etter å lære meir, kan dette vere stillinga for deg.Hovedoppgåver:Drift og vidareutvikling av butikken i tråd med gjeldande retningslinjerSikre at butikken leverer i samsvar med Vinmonopolet sitt samfunnsoppdrag, strategi og målsetting, slik at Vinmonopolet held fram med å vere landet sin leiande faghandelTillitsbasert og støttande leiing basert på leiarprinsippa og verdigrunnlaget vårtFaglig og personlig opplæring og kompetanseutvikling av personaletKontinuerlig utvikling av eige leiarskap, slik at våre tilsette trivest og utviklar seg i eit solid, godt og lærande arbeidsmiljøVi tilbyr:Ein spennande og viktig jobb i samarbeid med serviceinnstilte kolleger med høg kompetanseVi prioriterer opplæring og utvikling av våre tilsette, og vi legg til rette for varefaglig og personlig utviklingKonkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasseVinmonopolet har som mål å vere leiande faghandel og Norge sin beste arbeidsplass. Dette skal vi oppnå mellom anna ved å gi dei beste kundemøta, sikre effektiv drift og skape arbeidsplassar med god trivsel. Vi er stolte over at vi toppa Norsk Kundebarometer i 2020.I Vinmonopolet er det eit mål å oppnå balansert samansetning i høve til alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn.Les meir om personvern i Vinmonopolet her: https://www.vinmonopolet.no/personvern (https://www.vinmonopolet.no/personvern)Kontakt distriktssjef Heidi Beate Solheim på 95 22 55 08 om du vil vite meir om stillinga.Søknad med CV blir å sende elektronisk via lenke på denne sida (Søk stillinga).Søknadsfrist: 26 oktober 2023Har du problem med å sende elektronisk søknad, ta kontakt med Jobbnorge sin kundeservice tlf. 75 54 22 20. Vitnemål og attestar blir å ta med til eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Vinmonopolet er det viktigaste verkemiddelet samfunnet har for ansvarleg sal av alkohol, med einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl med over 4,7 prosent alkohol. Vi har om lag 2 000 stolte, engasjerte og dyktige tilsette fordelte på rundt 340 butikkar over heile landet i tillegg til kundesenter, netthandel og administrasjon. Vinmonopolet er verdas største vinbutikk, med fleire enn 30 000 produkt frå heile verda i sortimentet.I 2022 omsette vi for 18,4 milliardar kroner.Vi skal halde fram med å gi Noregs beste kundemøte, prega av fagkunnskap, service og ansvarlegheit. Verdiane vi bruker for å nå dit, er at vi skal vere rause, solide og dynamiske.
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Kirkegaten 14, 4400 Flekkefjord
Bransje
Butikk og varehandel
Stillingsfunksjon
Butikksjef
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Følg firma
2623 følger dette firmaet
Kirkegaten 14, 4400 Flekkefjord
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto