Kokk
None
Vågå
BeskrivelseVågåheimen er den største enkeltarbeidsplassen i Vågå kommune, med om lag 70 tilsette og totalt 32 pasientplassar, fordelt på korttid og langtidsopphald.Sjukeheimen har eige aktivitetsstue, ligg midt i sentrum og har bibliotek, frivilligsentral, handlegate og helsesenter som næraste naboar. Vågå har eit stort pågåande Helse og omsorgsprosjekt, kor sjukeheimen spelar ein viktig del av den framtidige satsinga og tilpassing av omsorgstrappa. Vågåheimen er også sentral i satsinga på velferdsteknologiske verkemiddel.Har du fagbrev som institusjonskokk / kokk og ynskjer å arbeide sjå oss, så søkjer Vågåheimen etter 2 institusjonskokker/kokker i 50% stilling frå nyttår.Arbeidsoppgåver:· Kjøkenet arbeider for at alle brukarane våre skal trivast og ha eit best mogleg kosthald· I tillegg leverer vi varm mat til heimebuande kvar dag· Kjøkenet driftar kantine både på Vågåheimen og på Kommunehuset. I tillegg har vi ansvar for Kulturkafeen på Kulturhuset· Vågåheimen er under ombygging, og det skjer mykje hos oss, så dette er ein spennande og gjevande jobbKvalifikasjonar:· Fagbrev som kokk / institusjonskokkDet er krav om politiattest for stillinga.Vi søkjer deg som:· har godt humør og stort pågangsmot· er samarbeidsviljug· er oppteken av kvalitet og fagleg sterk· kan arbeide sjølvstendigVi kan tilby:· Eit spennande arbeid i stadig utvikling· Arbeidet går føre seg på dagtid, samt kvar tredje helg· Pensjonsordning via KLP (/SPK)Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk.Spørsmål kan rettast til Berit Øygarden på tlf. 906 57 091 eller tenesteleiar Marianne H. Stadeløkken på tlf. 970 29 735 eller e-post: marianne.stadelokken@vaga.kommune.noSøknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.Søknadsfrist 24.10.2023.Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.
2680 VågåStort kartHybridkartFlyfoto