Automatikar/automasjonsingeniør
Vik Ørsta
Hovdebygda
Automatikar/automasjonsingeniør
Arbeidsgiver
Vik Ørsta
Stillingstittel
Automatikar/automasjonsingeniør
Frist
31.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Automatikar/automasjonsingeniør
Er du ein nysgjerrigper?Er du ho som skrudde frå kvarandre leikene då du var lita for å sjå korleis dei fungerte? Eller han som har runda alle PlayStation-spela og kjenner til alle snarvegane? Om du kan kjenne deg igjen i dette, så er du kanskje den vi treng for å styrke avdelinga vår for utvikling av produksjonsteknisk utstyr! Om stillingaStillinga byr på utfordrande og varierte arbeidsoppgåver innanfor ei sjølvgåande, kreativ og innovativ avdeling. Hovudoppgåver vil vere:Ta del i utvikling av maskiner og prosessar.Utvikling, installasjon, testing og igangkøyring av maskiner.PLS og HMI-programmering.Bygge og dokumentere styring til maskiner.Opparbeide relasjon med eksterne leverandørar.Kven vi ser etterVi ser etter deg som:ser løysingar der andre ser problem.bidreg positivt inn i eit velfungerande team.har gode haldningar og lyst til å lære.Det er ein fordel om du har teknisk fagskule eller anna relevant utdanning eller erfaring. Dersom du har driv til å vere med på veg framover, integritet til å navigere handlingane dine etter og omtanke for folk, så passar du godt inn hos oss!Om søknadenSøknad, CV og relevante vedlegg sendast via lenke på denne sida. Har du spørsmål om utfylling av CV? Kontakt gjerne Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20. Har du spørsmål om stillinga?Kontakt gjerne avdelingsleiar Asle Svastuen, tlf. 909 92 160.Flytte til Ørsta?Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?Stolte av produkta våre spør du?- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Vik Ørsta.75 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 75 år til. Minst!Video: Nanseth Media
Om arbeidsgiveren
Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring, Marina og Design. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 300 tilsette. Les meir om Vik Ørsta på www.vikorsta.noVik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad-konsernet. Saferoad er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land.Les meir om Saferoad på www.saferoad.com
Sektor
Privat
Sted
Torvmyrane 15, 6160 Hovdebygda
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Automasjon og instrument,
Teknisk personell
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Asle Martin Svastuen
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
90 99 21 60
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Vik Ørsta As
Følg firma
21 følger dette firmaet
Torvmyrane 15, 6160 Hovdebygda
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto