Maskinoperatør og CNC-operatør

Knudsen Dørfabrikk AS
Skånevik
Produksjonsmedarbeidar og CNC-operatør (to stillingar)
Arbeidsgiver Knudsen Dørfabrikk AS Stillingstittel Maskinoperatør og CNC-operatør Frist Snarest Ansettelsesform Fast
Me har behov for to positive personar til fabrikken vår i Skånevik. Ein produksjonsmedarbeidar/maskinoperatør og ein CNC-operatør. Begge stillingane høyrer inne under team 1, som er maskinavdelinga vår. Der jobbar fleire flinke og erfarne personar, som ser fram til å få nye kollegaer. God opplæring blir gitt.Maskinteamet har ansvar for produksjon av dørblad og karmar, frå råvarelageret, og fram til overflatebehandling.Operatørane roterer mellom ulike stasjonar/linjer/maskinar. Dette er viktig for å sikra god fleksibiliet, og ein meir variert kvardag.Hjå oss har alle tilsette to jobbar:1) Gjera jobben sin.2) Forbetra jobben sin.I punktet "forbetra jobben sin" ligg det at alle tilsette deltek aktivt i bedrifta sitt forbetringsarbeid. LEAN er ein raud tråd hjå oss, noko som betyr at alle har både makt og ansvar for at me heile tida får til positiv utvikling. Når alle gjer litt kvar veke, så blir mykje gjort på kort tid.**************************************************************PRODUKSJONSMEDARBEIDAR/MASKINARBEIDARDørbladproduksjon: Plukk og tilkapping material frå lager, pressing, kantlisting, UV-lakkering og CNC-bearbeidingKarmproduksjon: Plukk og tilkapping av material, høvel, CNC-maskin.Me ser etter deg som er "teknisk anlagt," og som likar ein variert kvardag. Du må ha eit minimum av interesse for data.Me praktiserer grundig operatørvedlikehald på alle maskinar.ArbeidsoppgåverBruka maskinar og produksjonslinjer til produksjon av dørblad og karm.Utføra kvalitetskontroll før produktet går vidare til neste stasjonDelta i vårt utviklingsarbeidAndre oppgåver i produksjonen Ønska kvalifikasjonarKvalitetsbevisst!Relevant fagbrev og/eller erfaring. Fleire aktuelle fagbrev; trevaresnekker, produksjonsteknikk, CNC-operatør, automatikar, elektrikar, mekanikar, osv. Andre fagbrev er også relevante, som tømrar, forskalingssnekker m.fl.Initiativrik, og opptatt av framdrift og god flytGodt humør, og god ordenssansBeherska norskEit minimum av kompetanse på data **************************************************************CNC-OPERATØRDu vil jobba på dei to CNC-maskinane våre. Dei er begge italienske, frå Biesse og Alberti. For å auka fleksibiliteten i produksjonen, vil du etter kvart også få opplæring på andre maskinar/produksjonslinjer. Dette sikrar stor variasjon i kvardagen.Me innser at CNC-operatørar ikkje veks på tre. Dersom du ikkje har fagbrev, men er veldig motivert til å gå den vegen, så vil me veldig gjerne snakka med deg likevel! Me er klare for å legga tilrette for utdanning, og er gira på å finna eit bra opplegg for dette. Me er godkjent lærebedrift i CNC-operatørfaget.ArbeidsoppgåverStyra våre to CNC-maskinerBruka andre maskinarUtføra operatørvedlikehaldAnsvar for verktøy på maskin der du er operatørUtføra kvalitetskontroll før produktet går vidare til neste stasjonDelta i vårt utviklingsarbeidAndre oppgåver i produksjonen ved behov (fleksibilitet er viktig)Ønska kvalifikasjonarFagbrev som CNC-operatør (***Sjå meir info under***)Erfaring kan kompensera for manglande fagbrevInitiativrik, og opptatt av framdrift og god flytGodt humør, og god ordenssansBeherska norsk skriftleg og munnleg (absolutt krav)CAD/CAM-erfaring er berre ein fordel, men ikkje eit krav **************************************************************Me tilbyrEit ungt arbeidsmiljø med positive folk og god stemningGode kollegaer i ulik alder, med ulik erfaring og ulik bakgrunn.Innandørs arbeid i temperert klima. Hjå oss er det aldri vind, regn, sludd, snø, søle, eller mørke.Offensive tankar om framtida. Vårt mål er at me heile tida skal gjera endringar og investeringar som gjer oss meir konkurransedyktige, og som gjev ein meir spanande arbeidskvardag for dei tilsette.Ein trygg og stabil arbeidsplass med moglegheiter for utvikling. (Ingen permitterte sidan 1946)Velferdsklubb, der alle tilsette er med. Mange kjekke aktivitetar kvart årFri i romjula og påskevekaForsikringsordningar og timebankAFPGod opplæring, slik at du kjenner at du meistrar arbeidet.Løn iht. kvalifikasjonarMe ser fram til å høyra frå deg!
Om arbeidsgiveren Produsent av innerdører, med 20 positive tilsette, og 77 års erfaring. Me produserer dører til bustad og ulike yrkesbygg i heile landet. Våre dyktige tilsette har mykje kompetanse og erfaring innan dørproduksjon, sal, teknisk, personal og mykje anna.Me har hatt god vekst i fleire år, og har spenstige planar for framtida. Dette får me til ved å jobba med utvikling og forbetringar kvar einaste dag. Me brukar LEAN som arbeidsverktøy. Me jobbar kontinuerleg med produktutvikling, og me investerer i nytt produksjonsutstyr. Våre tilsette er vår viktigaste ressurs, og vår ambisjon er å alltid vera ein attraktiv arbeidsgjevar der alle kan utvikla seg, og trivast kvar dag.Våre flinke tilsette har variert utdanning/fagbrev, og erfaring. Me set fagutdanning høgt, og er igang med "fagbrev på jobben" for 7 av våre tilsette.Det er viktig at me skal ha det kjekt på jobben. Trivsel er viktig!Me har nettopp tatt i bruk flotte nyinnreia lokaler med pauserom, møterom, kontor, toalett, garderobar osv.
Nettverk Facebook Sektor Privat Antall stillinger 2 Sted Tjellevegen 35, 5593 Skånevik Bransje Industri og produksjon, Trevareindustri, Annet Stillingsfunksjon Håndverker, Håndverker / Snekker/Tømrer, Produksjon Arbeidsspråk Norsk
Nøkkelord Mekaniker, Elektriker, CNC, Produksjon
CNC-operatør i sving (1/14) Sommaravslutning - vinnarlag i konkurranse (2/14) CNC-maskin freser ut for hengsler (3/14) CNC-maskin med automatisk inn- og utmating av dører (4/14) "Årets bedrift 2023" er stor stas! (5/14) Lunsj i sola (6/14) Monteringsavdelinga vår (7/14) Konkurranse under sommaravslutning (8/14) Trailer fullasta med dører (9/14) Firmafest sept. 2023, med tapas (10/14) Juleavslutning, med konkurranse og god stemning (11/14) Bedriftsfotball (12/14) Fabrikken ligg fint til i verdas vakraste bygd (13/14) Pizza i pauserommet (14/14)
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Fredrik Wälsjö Stillingstittel Produksjonsleiar Mobil 40 69 93 79 Send melding Kontaktperson Roar Knudsen Stillingstittel Dagleg leiar Mobil 97 78 98 34 Send melding
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad" Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Knudsen Dørfabrikk As
Følg firma 19 følger dette firmaet
Tjellevegen 35, 5593 Skånevik Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.93 CNC operatører
0.93 CNC operatør
0.93 CNC-operatør
0.93 CNC Operatør
0.93 CNC- Opertører søkes
0.92 CNC-Operatør
0.92 CNC Maskinoperatør
0.92 CNC-Operatør
0.92 Fagleder CNC
0.92 CNC Maskinoperatør
0.92 Produksjonsmedarbeider
0.92 CNC Maskinoperatør
0.92 Operatør
0.92 CNC Operatør
0.92 CNC Operatør
0.92 CNC Operatør
0.92 Produksjonsmedarbeidere
0.91 Maskinering
0.91 CNC-Operatør
0.91 Produksjonsoperatør
0.91 Produksjonsarbeidere
0.91 Jankos søker erfaren CNC-operatør
0.91 CNC operator, Production worker, Steinfagarbeider
0.91 CNC- operatør med fagbrev
0.91 Maskinoperatør
0.91 Produksjonsingeniør/tekniker
0.91 CNC-Operatør
0.91 CNC-operatør
0.91 Cnc-operatør
0.91 CNC-operatør, Maskinarbeider
0.90 CNC Operatør
0.90 Produksjonsoperatør
0.90 Produksjonsleder
0.90 Maskinfører
0.90 Har du erfaring innen mekanikk eller produksjon?
0.90 Mekaniker, produksjonsmedarbeider mm.
0.90 Medarbeider i maskineringsavdelingen
0.90 Produksjonsansvarlig
0.90 Produksjonsmedarbeidere
0.90 CNC-operatør
0.90 Produksjonsmedarbeider
0.90 Produksjonsmedarbeidere for god kunde
0.90 Produksjonsmedarbeider/Operatør
0.90 Produksjonsplanlegger
0.90 Produksjonsmedarbeider
0.90 PRODUKSJONSMEDARBEIDER
0.90 Maskinarbeider
0.90 PRODUKSJONSMEDARBEIDER
0.90 Maskinførere, grunnarbeidere, lastebil- og traktorsjåfører
0.90 Produksjonsmedarbeider
0.90 Produksjonsleder
0.90 Produksjonsmedarbeider heltid
0.90 CNC-Operatør
0.90 Maskinist
0.90 Maskinoperatør
0.90 Produksjonsmedarbeider
0.90 Produksjonsarbeider
0.90 Maskinering
0.90 Anleggsmaskinfører