Butikkmedarbeider
Coop Prix Balestrand
Balestrand
COOP PRIX BALESTRAND søkjer butikkmedarbeidar - Heltid
Arbeidsgiver
Coop Prix Balestrand
Stillingstittel
Butikkmedarbeider
Frist
15.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Dette er ei 100% stilling som følgjer turnus med arbeidstid på dagtid, ettermiddag/kveld og annankvar laurdag. Du må ha fylt 18 år, og kunne snakke godt norsk.Arbeidsoppgåver:KundehandsamingVaremottak / VareplasseringKasse / post / tippingFørefallande reinhald og ryddingVåre forventningar til deg: Du er ærleg, arbeidsam og pliktoppfyllande, og trivast med sal og kundehandsaming. Du jobbar effektivt og målretta, kan være fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i samarbeid med teamet i butikken. Det er fint om du har tidlegare erfaring frå butikk, men det er ikkje eit krav.Vi kan tilby: Varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får god opplæring og høve til ytterlegare kompetanseheving gjennom Coop-skolen, som er e-kurs programmet vårt. Du vert medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing og tilhøyrande forsikringsavtalar. Vi har rabattavtalar for våre medarbeidarar.Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Dagmar Nese på tlf. 911 26904.Søknad og CV registrerast digitalt på; www.deibestefolka.no Søknadsfrist: 15. oktober 2023
Om arbeidsgiveren
Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 5,8 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 48 kommunar, frå Åfjord i nord til Gulen i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 170 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.
Sektor
Privat
Sted
Holmen 1, 6899 Balestrand
Bransje
Butikk og varehandel
Stillingsfunksjon
Butikkansatt
Arbeidsspråk
Norsk
Nøkkelord
Coop, Prix, Balestrand, Heltidsstilling, Butikkmedarbeider
(1/1)
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Dagmar Nese
Stillingstittel
Butikksjef
Telefon
91 12 69 04
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Coop Nordvest
Følg firma
420 følger dette firmaet
Holmen 1, 6899 Balestrand
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto